Adam Ant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adam Ant

Fødd3. november 1954 (69 år)
FødestadMarylebone
FødenamnStuart Leslie Goddard
OpphavMarylebone i London
Aktiv1976 til i dag
SjangerNew Wave, post-punk, New Romantic
InstrumentVokal, gitar, bass
PlateselskapCBS, Columbia, MCA, EMI
Verka somMusikar

Adam Ant (fødd Stuart Leslie Goddard3. november 1954) er ein engelsk musikar som vart kjend som songar og frontmann i New Wave/post-punk-gruppa Adam and the Ants og seinare som soloartist. Dei hadde fleire hittar i heimlandet mellom 1980 og 1983, inkludert tre førsteplassar. Ant var òg ei stjerne i Amerika der han ikkje berre fekk fleire hitsinglar og album, men ein gong vart kåra til den mest sexy mannen i Amerika av sjåarane på MTV. Han var òg skodespelar og har spelt i fleire filmar og fjernsynsepisodar mellom 1985 og 2003.[1]

Sidan 2010 har Ant helde fram musikkarrieren sin og spelt fleire konsertar, spelt inn eit nytt album og turnert i Storbritannia.[2][3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første bandet til Goddard var Bazooka Joe, der han spelte bassgitar. Som oppvarmingsband for Sex Pistols fekk han inspirasjon, og avgjorde seg for å forlate bandet og starte banda B-Sides. Etter eit nervøst samanbrot og sjølvmordforsøk, og etter at han kom ut frå sjukehuset, tok han namnet Adam Ant. B-Sides heldt aldri konsertar, og bandet vart snart oppløyst.

Han starta bandet Adam and the Ants i 1977, og gav ut tre album. To av albuma selde til platinaplate. Bandet vart kreditert for å ha vore med å skape overgangen mellom punk og new wave, og var ein del av New Romantic-sjangeren. Adam oppløyste bandet i mars 1982.

Han gjekk solo etter at The Ants var oppløyst, og gav ut albumet Friend or Foe same år. Frå albumet kom singelen «Goody Two Shoes» som vart ein hit med førsteplass på hitlistene i Storbritannia og Australia, og ein 12. plass i USA.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Goddard lid av bipolar liding, noko som har gjort at han fleire gonger har vorte straffa for hærverk og truslar, og dessutan tvangsinnlagt på psykiatrisk sjukehus. Han har vore gift to gonger, og har ei dotter frå det siste ekteskapet.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Adam and the Ants[endre | endre wikiteksten]

Adam Ant[endre | endre wikiteksten]

TV & Film[endre | endre wikiteksten]

Teater[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]