Adam G. Riess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adam Riess tar imot Shawprisen i astronomi 2006 for oppdaginga av akselerasjonen til universet.

Adam Guy Riess (fødd 16. desember 1969) er ein amerikansk astrofysikar ved Johns Hopkins University og Space Telescope Science Institute, mest kjend for arbeidet sitt med å kartlegge ekspansjonen til universet med hjelp av supernovaer. I 2011 vart Riess tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av akselerasjonen til det ekspanderande universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.[1] Riess delte halvparten av prisen med Brian Schmidt, medan Saul Perlmutter vart tildelt den andre halvparten.

Saman med Brian Schmidt leia Riess High-z Supernova Search Team, den eine av de to forskargrupper som i 1998 samtidig oppdaga at ekspansjonen til universet akselererer.[2] Denne oppdaginga gav opphav til hypotesen om mørk energi og oppdaginga vart utnemnd til «Breakthrough of the Year» av tidsskriftet Science 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/physics/laureates/2011/press.html
  2. {{Kjelde artikkel |forfattar = Adam G. Riess et al. ([[Supernova Search Team|}}|dato = 1998|tittel = Observational evidence from supernovae for an accelerating universe and a cosmological constant|publikasjon = Astronomical J.|nummer= 116|side = 1009–38|url = http://www.arxiv.org/abs/astro-ph/9805201%7Cdoi = 10.1086/300499}}

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adam G. Riess