Adam Ludwig Lewenhaupt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adam Ludwig Lewenhaupt

Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. april 1659
København
Død

12. februar 1719 (59 år)
Moskva

Yrke jurist, militær
Far Ludvig Wierich Lewenhaupt
Mor Gräfin Charlotte Susanna von Hohenlohe
Adam Ludwig Lewenhaupt på Commons

Adam Ludwig Lewenhaupt (15. april 165912. februar 1719) var ein svensk general og greve.

Lewenhaupt mista foreldra sin då han var ni år, men voks opp hos Per Brahe d.y. Han vart utdanna ved Lunds universitet og i Uppsala. Han skulle eigenleg bli diplomat men gjekk i staden inn i det militære. Han tenestegjorde i utlandet i nokre år, før han vende tilbake til Sverige.

den store nordiske krigen braut ut, vart han sett til å leia eit nydanna infanteriregiment. Han var ein av dei få svenske kommandantane som hadde suksess mot dei russiske styrkane i det området, medan Karl XII førte krig i Polen og Sachsen. I 1704 vann han slaget ved Jakobstadt og året etter vann han slaget ved Gemauerthof og vart då utnemnd til guvernør i Riga.

I 1708 vart han beordra til å marsjere austover med ei forsyningskolonne for å støtte opp under invasjonen til Karl XII av Russland. Dette førte til at han leia dei svenske styrkane i slaget ved Lesnaja same år, der han vart slått og måtte forlate forsyningane. Året etter var han igjen ved hæren til kongen, og Lewenhaupt leia infanteriet under det katastrofale slaget ved Poltava og seinare stod han for kapitulasjonen ved Perevolotsjna nokre dagar etter. Han døydde i russisk krigsfangenskap i 1719, og Karl XII gjorde ingen forsøk på å få han frigjeve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]