Adam Wilhelm Moltke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adam Wilhelm Moltke

Adam Wilhelm Moltke (fødd 25. august 1785 på Fyn, død 15. februar 1864 i København)[1] var lensgreve til Bregentved og den første valte danske statsministeren.

Han hadde vore medlem av geheimestatsrådet under eineveldet frå 1831 til 1848. Han tok på seg oppgåva som leiar av den fyste regjeringa etter marsrevolusjonen og blei ein viktig brubyggjar mellom det gamle einevelde og det nye politiske systemet.

Moltke leia fire regjeringar; Regjeringa Moltke I, II, III og IV og sat som statsminister frå 22. mars 1848 til 27. januar 1852.[2] I delar av periodane var han òg finansminister, marineminister og utanriksminister.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Han blei riddar av Dannebrogordenen i 1815, kommandør i 1824, fekk Dannebrogordenens heiderstekn i 1826, fekk storkorset av Dannebrog i 1828 og vart riddar av Elefantordenen i 1836.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 A.W. Moltke frå Dansk biografisk leksikon, 3. utgåve 1979-1984, (vitja 4. februar 2014)
  2. Danske regeringer 1848-1901 frå Danmarkshistorien / Aarhus Universitet, (vitja 4. februar 2014)
Spire Denne Danmarkartikkelen som har med politikk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.