Adama Tamboura
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Adama Tamboura | |
| Fødselsdato | 18. mai 1985 | |
| Fødestad | Bamako i Mali | |
| Høgd | 170 cm | |
| Posisjon | Venstreback | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Metz | |
| Draktnummer | 24 | |
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2001-06 2006-09 2010- |
- 65 (0) 5 (0) |
|
| Landslag | ||
| 2004- | 35 (0) | |
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Adama Tamboura (fødd 18. mai 1985) er ein malisk fotballspelar. Han spelar i forsvar for Metz i den nesthøgste divisjonen i den franske fotballigaen og for landslaget til Mali.
Tamboura begynte fotballkarrieren sin i klubben Djoliba i Mali. 22. august 2006 vart han lånt ut for tre månader til Helsingborg i Sverige. Då låneperioden gjekk ut, skreiv han under på ein treårskontrakt hjå Helsingborg. Etter at denne kontrakten gjekk ut, gjekk han til Metz i fransk Ligue 2, 28. januar 2010.
Tamboura var med på Mali sitt lag i sommar-OL i 2004, då laget kom til kvartfinalen. Han var i troppen til Mali i Afrikameisterskapen i 2008 og 2010. Han spelte alle Mali sine tre kampar i 2010.
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.