Address Resolution Protocol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Internett-protokollfamilien  [endre]
Applikasjonslaget FTP, HTTP, IMAP,DNS, IRC, POP3, SMTP, SSH, SNMP ...
Transportlaget TCP, UDP, SCTP, DCCP ...
Nettverkslaget IPv4, IPv6, ARP ...
Datalinklaget Ethernet, Wi-Fi, Token ring, FDDI ...
Fysisk lag RS232, IEEE 802.3 (CSMA/CD) ...

Address Resolution Protocol (ARP) er ein protokoll som opererer på nettverkslaget i OSI-modellen. ARP blir brukt til å koble saman adresser frå datalinklaget og nettverkslaget (IP-adresser. Opprinneleg var ARP utforma for å vere uavhengig av IP-protokollen, men blir nesten utelukkande brukt i samband med IP.

[endre] Detaljert verkemåte

Typisk blir ARP brukt på denne måten; Ein vert bruker IP-protokollen på nettverkslaget, men for å kommunisere med ein annan vert på det lokale nettverket må verten få tak i Ethernet MAC-adressa til mottakaren frå IP-adressa som er kjent. ARP fungerer på den måten at verten som skal sende ei pakke kringkaster ei ARP pakke som inneheld IP-adressa til mottakaren. Sender venter så på eit svar frå verten som har den IP-adressa. Ein vert kan også svare på vegne av andre vertar. Dette kallast proxy arp.

Kvar vert på nettverket vedlikeheld ein hurtigbuffer med koblingane mellom IP-adresser og MAC-adresser for å unngå å måtte gjenta prossessen for kvar enkelt pakke som skal bli overført. Oppføringar i hurtigbufferen slettes etter ei viss tid, og verten må sende ein ny ARP-forespørsel.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk