Adelaide Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adelaide Island
øy
Adelaide Base, februar 1962
Land  Antarktis
Del av Adelaide-Biscoe-øyene
Stad Antarktis
 - koordinatar 67°15′S 68°30′W / 67.25°S 68.5°W / -67.25; -68.5
Høgaste punkt Mount Gaudry
 - høgd 2 315 moh.
Lengd 120 km
Areal 4 663 km²
Folketal kring 100
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Adelaide Island
67°15′S 68°30′W / 67.25°S 68.5°W / -67.25; -68.5
Adelaide Island is located in Antarktis
Adelaide Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Adelaide Island

Adelaide Island, Isla Adelaida eller Isla Belgrano er ei stor, stort sett isdekt øy, som er 120 km lang og 32 km brei, og som ligg på nordsida av Marguerite Bay utanfor vestkysten av Den antarktiske halvøya. Øya ligg i Argentinsk, Britisk og Chilensk Antarktisk.

Adelaide Island vart oppdaga i 1832 av ein britiske ekspedisjon under John Biscoe. Øya vart først kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen (1908–1910) under Jean-Baptiste Charcot.

Opphavet til namnet på øya er ukjend. British Antarctic Survey sin kjelder skriv at Charcot kalla øya «Adelie Land» etter dei mange adeliepingvinane som levde langs kysten (pingvinane er igjen kalla opp etter kona til Dumont d'Urville). Dette vart igjen omgjort til Adelaide Island av British Graham Land Expedition (1934–37). Det er òg foreslått at øya vart namngjeven av Biscoe sjølv etter dronning Adelaide av Storbritannia.

Rothera Station november 2003, med utsyn mot Den antarktiske halvøya

Det ligg to basar på øya. Den gamle Adelaide Island-basen (òg kjend som Base T) vart oppretta her av Falkland Islands Dependent Survey (FIDS), som vart til British Antarctic Survey. Basen vart lagt ned på grunn av ein ustabil skiveg og operasjonane vart flytta til den nye Rothera Station i 1976 / 1977, og denne basen er framleis i drift i dag. Den gamle BAS-basen vart overført til Chile i 1984, og fekk namnet Teniente Luis Carvajal Villaroel-basen. Stasjonen vart då berre nytta om sommaren av chilenarane. Skivegen og rampen opp til stasjonen frå platået har derimot vorte så ustabil at Det chilenske luftforsvaret (FACh) har stoppa all aktivitet her. Den chilenske marinen har vitja stasjonen nest kvar sommar for å sikre at han vert vedlikehalde. BAS-tilsette har òg vitja stasjonen om vinteren, fordi det er lettare å nå fram då.

Sidan øya har vore busett i ganske lang tid er øya godt kartlagd etter antarktisk standard.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]