Adelheid av Sachsen-Meiningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adelheid av Sachsen-Meiningen
Adelaide Amelia Louisa Theresa Caroline of Saxe-Coburg Meiningen by Sir William Beechey.jpg
Dronning av Storbritannia
Fødd 13. august 1792
Fødestad Meiningen i Thüringen
Død 2. desember 1849 (57 år)
Dødsstad RAF Bentley Priory i Middlesex
Gravlagd St. George's Chapel i Windsor
Gift med Vilhelm IV av Storbritannia
Far Georg I av Sachsen-Meiningen
Mor Luise Eleonore av Hohenlohe-Langenburg
Born Fleire, men døydde som små.

Adelheid Louise Theresa Caroline Amelia von Sachsen-Meiningen (13. august 17922. desember 1849) (i England kjend som Adelaide) var dronninggemalinna til Vilhelm IV av Storbritannia. Adelheid vart den siste dronninggemalinna i Storbritannia.

Oppvekst og giftarmål[endre | endre wikiteksten]

Adelheid vart fødd som dotter til hertugen av Sachsen-Meiningen i Meiningen, Thüringen i det tysk-romerske riket. Ho var det eldste barnet til foreldra sine, som allereie hadde vore gift i ti år. Seinare fekk ho systera Ida og broren, Bernhard, som overtok trona etter faren. Faren døydde brått i 1803.

Adelheid voks opp under Napoleonskrigane, men fekk ei god utdanning innan både språk, litteratur, måleri og musikk. 19. april 1818 trulova ho seg med Vilhelm Henrik av Storbritannia, hertug av Clarence. Hertugen var no over 50 år og hadde allereie butt saman med skodespelarinna Dorothy Jordan og fått ti born med henne. Men ekteskapet hadde politisk tyngd av di kong Georg III av Storbritannia, far til Vilhelm, framleis mangla ein legitim tronfylgjar trass i dei mange sønene sine. Adelheid og Vilhelm gifte seg den 13. juli 1818 i Surrey samtidig med bror til Vilhelm; Edward og Victoria. Edward og Victoria vart foreldra til ho som skulle bli Dronning Victoria. I 1820 seinare døydde kong Georg III og vart etterfylgt av bror til Vilhelm, som no tok namnet kong Georg IV av Storbritannia.

Adelheid vart fleire gonger gravid dei fyrste åra etter bryllaupet, men grunna spontanabort eller for tidlege fødslar overlevde ikkje dei små.

Dronning[endre | endre wikiteksten]

I 1830 døydde kong Georg IV av Storbritannia, som berre hadde sete på trona i ti år. Vilhelm overtok difor trona og tok namnet Vilhelm IV av Storbritannia, og Adelheid vart hans dronninggemalinne. Adelheid var ei beskjeden, pliktoppfyllande og familieorientert kvinne som særleghadde god kontakt med brordottera Victoria. Då kongen i 1837 vart sjuk og måtte i rullestol, tok ho seg av han til han døydde i juni same året. Trona gjekk no direkte over til brordotter til Vilhelm; dronning Victoria av Storbritannia.

Etter dette trekte Adelheid seg tilbake frå det offentlege livet. Ho busette seg ved Bushy Park i London, men reiste ein del rundt i Europa på sine gamle dagar. Året etter kongen døydde, reiste ho til Middelhavet der ho m.a. grunnla ho katedral i VallettaMalta av eigne midlar. I 1844 reiste ho attende til Meiningen, men ho tilbrakte sine to siste leveår i FunchalMadeira.

Gravferd[endre | endre wikiteksten]

Adelheid døydde i Middlesex i England. Etter eigen vilje vart gravferda halden så enkel som mogleg, for under ein sjukdom i 1841 hadde ho skrive ned fylgjande instruksjonar for si eiga gravferd: «Eg døyr i all audmykt; vi er alle like framfor Guds trone, og eg ynskjer difor at mine menneskelege leivningar skal berast i grava utan pomp og prakt, for å ha så privat og så stille ei gravferd som mogleg. Særleg ynskjer eg at eg ikkje skal ha ei open kiste i gravferda (...) Eg døyr i fred og ynskjer å berast til kjelda i fred, fri frå tomheita i denne verda.» [1]

Dronning Victoria hadde stått svært nær Adelheid sidan barneåra, og syrgde difor over henne. Den fyrstefødde dottera til dronninga fekk namnet Victoria Adelaide til ære for Adelheid.

Byen Adelaide i Australia er også oppkalla etter dronninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. The National Trust, (1982) Sudbury Hall s. 29-30. Sitert frå Engelsk Wikipedia om Dronning Adelheid, 15. juni 2012.