Adenbukta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Adenbukta med Raudehavet i nordvest.
Adenbukta (arabisk: خليج عدن - Ḫalīǧ ʻAdan, somali: Gacanka Cadmeed) er ei om lag 900 km lang bukt som ligg vest i det arabiske havet. Bukta går aust-vest og har Jemen-kysten i nord og den somaliske kysten på Afrikas horn i sør.
Adenbukta knyt det indiske havet saman med Raudehavet via Bab el-Mandeb-sundet mellom kysten av Djibouti og Jemen. Ved hjelp av Suezkanalen i Egypt kan ein koma seg frå det indiske havet og heilt opp til Middelhavet gjennom Adenbukta. Dei siste åra har den viktige sjøfartsvegen vore sterkt plaga med piratar.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Adenbukta»
- Engelsk Wikipedia om Adenbukta, henta inn 30. april 2012.