Adenovirus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adenovirus
Transmisjonselektronmikrograf av to adenoviruspartiklar
Transmisjonselektronmikrograf av to adenoviruspartiklar
Systematikk
Rike: Virus
Familie: Adenovirus Adenoviridae

Adenovirusa (medlem av familien Adenoviridae) er ei gruppe mellomstore (90—100 nm), membranlause (utan eit ytre bilipid lag) virus (dsDNA) med ein ikosahedral nukleokapsid fylt med dobbelstrenga DNA-genom. Namnet kjem av at dei første gong blei isolert frå svelgmandelen (adenoide vegetasjonar) hjå menneske i 1953.[1][2]

Ryggbeinsdyr er ein utbreidd vert for desse virusa. Hjå menneske har ein funne heile 57 distinkte serotypar av adenovirus som kan valda ulike sjukdommar, frå milde luftvegsinfeksjonar hjå små barn til livstrugande multiorgansjukdommar hjå folk med svekka immunsystem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Myrvang, Bjørn (10. februar 2015). «adenovirus». Store medisinske leksikon. Henta 25. februar 2015. 
  2. Rowe WP; Huebner RJ; Gilmore LK; Parrott RH; Ward TG (Desember 1953). «Isolation of a cytopathogenic agent from human adenoids undergoing spontaneous degeneration in tissue culture». Proc. Soc. Exp. Biol. Med. 84 (3): 570–573. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.