Adige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adige
elv
Land  Italia
Nedslagsfelt 12 100 km²
Lengd 410 km
Kjelde Reschensee i Trentino-Alto Adige
 - høgd 1 550 moh.
Munning Adriahavet
Kart
Adige
46°50′7″ N 10°30′55″ E
Wikimedia Commons: Adige

Adige (venetiansk Àdexe; trentinsk Ades; friulisk Adis; tysk Etsch; ladinsk Adesc eller Adiç; latin Athesis) er ei elv i Alperegionen Trentino-Alto Adige i Italia, nær grensa til Austerrike og Sveits. Med ei lengd på 410 km, 220 av dei i Sør-Tyrol, er ho den nest lengste elva i Italia etter Po med 652 km.

Klokketårnet i Reschensee.

Elva renn frå den kunstige alpesjøen Rechensee, ved Resiapasset (1 504 moh) nær grensa til Austerrike og Sveits ovanfor Inndalen. Innsjøen er kjend for kyrkjetårnet som står ute i vatnet der den tidlegare landsbyen Curon Antica (Alt Graun) låg før han lagt under vatn i 1953 då demninga stod ferdig. Nær Glurns mottar Adige elva Rom frå den sveitsiske dalen Val Müstair.

Adige renn gjennom Verona.

Adige renn austover gjennom Vinschgau (Venostadalen) til Merano der ho møter Passirio frå nord. Sør for Bolzano renn ho saman med Isarco og så sørover gjennom ein dal som alltid har vore ein av hovudfartsårene gjennom Alpane og som fører til og frå Resia- og Brennerpasset. Med ei høgd på 1 370 moh. vert dette rekna som den enklaste av dei store fjellovergangane i Alpane.

Salurner Klause/Chiusa di Salorno smalnar inn ved Salorno og markerer den sørlege grensa til det tysktalande området i Italia. Derfor vert Adige nemnd i «Das Lied der Deutschen» frå 1841 som den sørlege grensa for ubtreiinga av det tyske språket. Songen vart nasjonalsongen til Tyskland i 1922 etter at Italia tok kontroll over Adige.

Nær Trento mottar Adige Avisio, Noce og Fersina. Adige kryssa så Trentino og seinare Veneto, og renn gjennom byane Verona, Rovereto og Adria, Lagarinadalen og over den nordaustlege delen av Posletta og ut i Adriahavet. Både Adige og Po renn parallelt i elvedeltaet utan at dei møtes.

Som ei fjellelv vert det stundom brå flaumar i elva. Ho er òg forbunde til kunstige undergrunnskanalar til Gardasjøen for å hindre flaum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]