Administrativt grevskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit administrativt grevskap (engelsk administrative county) er ei administrativ eining, tilsvarande eit fylke. Denne typen einingar finst i England og Wales; i Wales vart ordninga noko endra i 1994.

Omgrepet vart innført i Storbritannia i 1888, då ei ny lov om lokalforvaltning vart vedteken. Det vart oppretta grevskapsråd for forskjellige område, i stor grad basert på dei tradisjonelle inndelingane i grevskap. Dei tradisjonelle einingane vart i dei fleste tilfelle tekne vare på i form av seremonielle grevskap.

I England og Wales vart lovgjevinga endra i 1974, slik at dei gamle grevskapsråda vart erstatta med dei administrative grevskapa.

I Skottland vart ordninga fjerna i 1975 og erstatta med regionar.

I Nord-Irland vart ordninga aldri formelt avskaffa, men har likevel vorte erstatta av eit system med 26 distrikt.

Republikken Irland halde på den gamle ordninga fram til 2001, då grevskapsråda vart erstatta av fylke (også i Irland kalla counties, men utan den same historiske bakgrunnen som eigentlege grevskap, som i England).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]