Admiralitetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til Lord High Admiral.

Admiralitetet (engelsk Admiralty) i Storbritannia var tidlegare ansvarleg for den britiske marinen og vart oppretta kring 1400. Admiralitetet vart i 1964 innlemma i Forsvarsdepartementet saman med War Office og Air Ministry.

I 1546 oppretta Henrik VIII eit Council of the Marine, seinare Navy Board, for å føre tilsyn med flåten, men Lord High Admiral hadde framleis operativ kommando. Han var ein av dei ni Great Officers of State.

I 1628 gjorde Karl I om embetet, slik at kontrollen gjekk over til ein komité, Board of the Admiralty. Embetet Lord High Admiral bestod, men var oftast ikkje i bruk. Fram til 1709 vart det fleire gonger utnemnd ein Lord High Admiral for kortare periodar, men etter det året har det berre vore ytst få tilfelle, og den siste var den framtidige Vilhelm IV på byrjinga av 1800-talet.

Medlemmar av komitéen vart kjent som Lords Commissioners of Admiralty, og var ei blanding av militære, kalla Naval Lords eller Sea Lords og sivile, gjerne politikarar. Leiaren fekk tittelen First Lord of the Admiralty, og var medlem av regjeringa.

Sidan 1806 har First Lord of the Admiralty alltid vore sivil, medan øvstkommanderande for marinen fekk den nye tittelen First Sea Lord. I 1831 vart Navy Board avskaffa, og oppgåvene deira vart underlagt Admiralitetet.

Admiralitetet vart i 1964 innlema i Forsvarsdepartementet saman med War Office og Air Ministry. Innanfor departementet er desse delt i tre komitear, Admiralty Board, Army Board og Air Force Board, som alle vert leia av forsvarsministeren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Admiralitetet