Adolf Fonahn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Adolf Mauritz Fonahn (15. juni 187315. august 1940) var ein norsk medisinalhistorikar, orientalist og numismatikar frå Hedrum i Vestfold.

Fonahn vart utdanna cand. med. i 1899. I 1909 vart han universitetsstipendiat i medisinalhistorie, frå 1917 var han dosent. To år seinare vart han styrar for Myntsamlinga ved Universitetet i Oslo. År 1926 vart han konservator ved den asiatiske avdelinga ved Etnografisk Museum, Universitetet i Oslo.

Alt i studieåra tok Fonahn til å granske medisinalhistorie, jamsides fagstudiet. Han lærte seg gammalegyptisk og arabisk språk, og gjorde mange studieferder utanlands. Fonahn gav ut fleire viktige verk, til dømes Zur Quellenkunde der persischen Medizin i 1910. Særleg kjent vart seksbandverket Quaderni d'anantomia som kom i åra 1911-16. Dette verket om Leonardo da Vinci gav han ut saman med Halfdan Hopstock og Ove Vangensteen. Der makta dei tyde teksta på orgiginalteikningane, ei tekst skriven med «spegelskrift».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]