Adolf Henselt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adolf Henselt

Statsborgarskap Kongedømet Bayern
Fødd 9. mai 1814
Schwabach
Død 10. oktober 1889 (75 år)
Cieplice Śląskie-Zdrój
Yrke pianist, komponist
Språk tysk
Adolf Henselt på Commons

Adolph von Henselt, opphavleg Hänselt, (9. mai 181410. oktober 1889) var ein tysk komponist og klavervirtuos frå seinromantikken.

Han var fødd i Swabach, men i 1817 flytta familien til München der Henselt fekk si første musikkundervising. Han starta å spele fiolin berre tre år gammal og klaver som femåring. I 1832 fekk Henselt eit kongeleg stipend av kong Ludwig I av Bayern og studerte i seks månader hos den kjente mozarteleven Johann Nepomuk Hummel i Weimar. Henselt hadde si første offisielle framføring 29. november 1832 i München og fekk strålande omtale.

Fram til 1834 studerte Henselt komposisjon hos Simon Sechter i Wien der han var i to år og vidareutvikla teknikk og virtuositet. I 1836 trefte han Frédéric Chopin i Karlsbad. Etter dette reiste han rundt i fire år og heldt konsertar i tyske og russiske musikksentra. Teknikken hans skal ha vore på eit «svimlande høgt nivå» og det «sjelfulle» foredraget blei høgt lovprisa. Robert Schumann og Franz Liszt uttrykte stor begeistring over komposisjonane hans.

I 1837 oppheldt Henselt seg fleire månader i Breslau. 24. oktober 1837 gifta han seg i Bad Salzbrunn (Schlesien) med Rosalie Manger, ei venninne av Johann Wolfgang von Goethe.

Henselt blei utnemnd til generalmusikkinspektør og hoffpianist for tsarinaa. I dei etterfølgjande førti åra virka han som lærar i Russland og gav viktige impuls til dei russiske klavervirtuosane. I 1876 fekk han ein russisk adelstittel.

Adolph von Henselt døydde av hjartesvikt 10. oktober 1889 under eit kuropphald i Warmbrunn (Schlesien).

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Duo for klaver og cello, op. 14
  • Trio for klaver, fiolin og cello, op. 24
  • Klaverkonsert i f-moll, op. 16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]