Adolf Thomsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adolf Thomsen
Fødd10. juli 1852
Død24. juli 1903 (51 år)
OpphavNoreg
Instrumentorgel
Verka sommusikar, komponist

Adolf Thomsen (10. juli 185224. juli 1903) var ein norsk komponist og musikar.

Adolf Thomsen vart fødd i Bergen, men han voks opp i Tromsø og var frå 1883 organist i Tromsø domkyrkje. Han vart kjend med Edvard Grieg og fleire av verka hans er dedikerte til Grieg. Han er mest kjend før melodien til «Barndomsminne frå Nordland» (Å eg veit meg eit land) med tekst av Elias Blix, som ofte vert kalla «Nord-Noregs nasjonalsong».

Thomsen og kona Lorentze Em. fekk tre døtrer: Alvhild, Frida og Ingrid, og to søner: Einar og Sigvald.

Ein byste av Thomsen står i Kirkeparken i Tromsø. Den vart laga av Trygve Thorsen i 1946.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Gud signe vårt dyre fedreland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]