Adolfo Pérez Esquivel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adolfo Pérez Esquivel

Statsborgarskap Argentina
Fødd 26. november 1931 (92 år)
Buenos Aires
Yrke arkitekt, bilethoggar, kunstmålar, universitetslærar, skribent
Språk spansk
Medlem av Comisión Provincial por la Memoria
Ektefelle Amanda Guerreño
Adolfo Pérez Esquivel på Commons
Adolfo Pérez Esquivel i 1983

Adolfo Pérez Esquivel (fødd 26. november 1931) er ein argentinsk arkitekturprofessor, menneskerettsforkjempar og vinnar av Nobels fredspris i 1980.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Adolfo Pérez Esquivel voks opp i Buenos Aires. Faren var fiskar og emigrant frå Spania, og mora døydde medan Adolfo var ung. Trass i dårlege kår fekk Esquivel likevel utdanning innan kunst. Han vart skulptør og professor i arkitektur, og underviste på skular av ulike nivå i 25 år. På 1960-talet jobba han med kristne pasifistgrupper i Latin-Amerika, og under ein konferanse i Montevideo i 1968, bestemte han seg for å skipa ein ikkje-valdeleg latinamerikansk organisasjon. Organisasjonen blei til, og i 1974 forlét Esquivel læraryrket for å bli generalsekretær i den nye, kristelege organisasjonen som seinare fekk namnet Servicio Paz y Justicia.

Etter statskuppet i Argentina i 1976 då Jorge Videla kom til makta, følgde mykje undertrykking frå militærregimet. Esquivel starta difor ein verdsomspennande kampanje der han ytra ynskje til SN om å skipa ein menneskerettskommisjon. I tilknyting til dette vart det laga eit dokument som lista opp menneskerettsbrot i Latin-Amerika. Han vart fleire gonger plaga av politiet i fleire søramerikanske land. Våren 1977 vart Esquivel fengsla i Buenos Aires utan at det vart oppgjeve nokon grunn. Han vart halden i 14 månader og torturert før han vart frigjeven i mai 1978, med ordre om å jamleg melda seg for politiet. Med tida vart desse vilkåra mildare.

Medan han sat fengsla, fekk Esquivel fredsminnesprisen åt Pave Johannes XXIII. I 1980 vart Esquivel tildelt Nobels fredspris, og fekk løyve til å reisa til Oslo for å ta imot prisen. Esquivel fekk prisen for arbeidet hans for skipinga av menneskerettsorganisasjonen og motstanden hans mot militærjuntaen i Argentina.

Esquivel har i seinare år vore kjend for å vera valdsmotstandar, miljøvernar, for å støtta søramerikanske urfolk og kjempa for rettferdig handel. Han har også vunne den katolske Pacem in Terris-prisen. Servicio Paz y Justicia er i dag ein veletablert organisasjon med arbeid i mange land i Latin-Amerika. I 1995 gav han ut den sjølvbiografiske boka Walking Together with the People, og i 2003 vart han leiar for International League for Human Rights and Liberation of Peoples i Milano. I 2010 var han engasjert i ein kampanje mot at politiet i Esquel trenar opp born til valdsbruk, noko han samanlikna med Hitlerjugend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Adolfo Pérez Esquivel