Adolphe Sax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adolphe Sax

Antoine Joseph Adolphe Sax (6. november 18144. februar 1894) var ein belgisk instrumentmakar, mest kjend for oppfinninga av saksofonen.

Sax vart fødd i Dinant i Belgia. Far hans, Charles Joseph Sax, var òg instrumentmakar. Adolphe byrja å lage sine eigne instrument i veldig ung alder.

Etter at han vart ferdig på skulen byrja Sax å eksperimentere med nye instrument. Den første oppfinninga var ei forbetring av bassklarinetten.

I 1841 flytta Sax til Paris og byrja å jobbe på nye instrument[1]. Desse instrumenta var klare for visning i 1844. Sjølv om han ikkje stod som oppfinnar av instrumenta var dei så gode at dei gjekk under namnet saxhorn.

På denne tida jobba han med det instrumentet som han er best kjend for, saksofonen. Komponisten Hector Berlioz gav positiv omtale om det nye instrumentet i 1842, men det vart ikkje patentert før i 1846. Det var desse instrumenta som gjorde Sax kjend og sikra han ein lærarjobb ved Paris Conservatoire.

Adolphe Sax døydde i 1894 i Paris og vart gravlagd på Cimetière de Montmartre.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sax, Mule & Co, Jean-Pierre Thiollet, H & D, 2004. ISBN 2-914266-03-0


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!