Adonis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adonis

Opptrer iMetamorfoser, L'Adone
MorMyrrha, Alphesiboea
FarKinyras, Theias, Phoenix
SambuarAfrodite, Persefone
BarnBeroe, Golgos


Adonis var ein venleiksgud som vart elska av Afrodite i gresk mytologi.

Den mest kjende segna om Adonis fortel at far hans var Theias, kongen i Assyria, og at mora, Smyrna, var dotter til Theias. Kjærleiksgudinna Afrodite vart vreid over denne incesten, og forvandla Smyrna til eit myrratre. Då ni månader var gått, sprakk borken i treet og Adonis vart fødd.

Både Afrodite og gudinna i underverda, Persefone, ville eiga Adonis. Zevs avgjorde då at Adonis skulle vera hjå Afrodite ein tredel av året, hjå Persefone ein annan tredel, og resten av tida skulle han styra seg sjølv.

Den kjende Adonisfesten, Adonia vart feira i Hellas om våren, andre stader på føresommaren. Festen symboliserte gangen i naturen fordi Adonis om våren kom opp i ljoset og sameinte seg med Afrodite, medan han om hausten fór ned att i underverda til Persefone. Kvinnene i Hellas kunne også planta Adonis-hagar. Då planta dei kortliva blomar i krukker for å symbolisera livet og døden.

Ein vase frå ca. 410 f. Kr. som syner Afrodite og Adonis. Frå Louvre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Adonis