Adriaen Brouwer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anthonis van Dyck:Adriaen Brouwer
Den bitre drykken
Bønder spelar kort i ei skjenkestove

Adriaen Brouwer (1605januar 1638) var ein flamsk sjangermålar aktiv i Flandern og Dei sameinte Nederlanda under stilperioden barokken. Han er særleg kjend for sine motiv frå det samtidige bondelivet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Brouwer var fødd i Oudenaarde. I unge år flytta han til Haarlem, truleg via Antwerpen, der han var elev av Frans Hals, samstundes med Adriaen van Ostade. Han var også aktiv med framføring av skodespel og poesi. Fram til 1631 budde han i Haarlem og Amsterdam, deretter flytta han tilbake til Antwerpen i dei spanske Nederlanda. Frå 1631-32 var han medlem av Sint-Lucasgildet i byen, og av diktarlauget kalla 'De Violieren'.

Tradisjonen vil ha det til at Brouwer brukte mykje av tida si i ølstovene i Flandern og Holland. Dei fleste arbeida hans er detaljerte og små. Ofte med drankarar, rangelliv og dumskap som tema i søkinga etter menneskelege kjensler og uttrykk, samt utslag av smerte, frykt og andre sanselege opplevingar. Den bitre drykken er eit døme på eit verk som skildrar slike reaksjonar, i dette tilfellet på smakssansen. Arbeida hans var populære, så mykje at forfalskingar var i sal allereie medan han levde. Både Peter Paul Rubens og Rembrandt eigde fleire av arbeida hans. Trass i omfattande interesse for måleria hans, synest det som om Brouwer livet gjennom hadde økonomiske vanskar.

32 år gammal døydde han i Antwerpen i ein pest. Han vart fyrst gravlagd i ei folkegrav, men etter pådriv frå medlemer av målarlauget vart han gravlagd på nytt den 1. februar 1638 i karmelitt-kyrkja i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adriaen Brouwer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]