Adrien Maurice de Noailles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adrien Maurice de Noailles

Fødd29. september 1678
FødestadParis
Død24. juni 1766
DødsstadParis
Rangmarskalk av Frankrike
EiningDen franske hær
KonfliktarDen spanske arvefølgjekrigen
Adelstittelhertug

Adrien Maurice de Noailles, 3. hertug av Noailles (29. september 167824. juni 1766) var ein fransk aristokrat og soldat.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Han var son av Anne-Jules de Noailles og arva tittelen hertug av Noailles' då faren døydde i 1708.

Han kjempa i den spanske arvefølgjekrigen (1710–1713) og vart finansminister frå 1715 til 1718. Han utmerkte seg i den polske arvefølgjekrigen (1733–1738) og vart slik fransk marskalk i 1734. Han tente i den austerrikske arvefølgjekrigen og vart utpeikt som kommandør av dei franske styrkane i mars 1743. Han vart slått i slaget ved Dettingen i juni 1743, men klarte med suksess å drive austerrikarane ut av Alsace-Lorraine året etter, sjølv han mista høve til å gjere stor skade på den austerrikske hæren då dei kryssa Rhinen. Av den grunn vart han av Storbritannia rekna som ein større fiende for Frankrike enn Austerrike. Seinare fungerte han som diplomat og hadde stor påverknad på utanrikspolitikken.

I 1698, som comte d'Ayen, gifta han seg med Françoise Charlotte Amable d'Aubigné , niesa og arvingen til Madame de Maintenon og med ho fekk han seks born, fire døtrer og to søner. Dei to sønene hans, Louis de Noailles og Philippe de Noailles, hertug av Mouchy, vart òg franske marskalkar.

Duc de Noailles vart gjort riddar av ordenen den gylne skinnet i 1702, ein spansk stormann i 1711, og riddar av Saint-Esprit-ordenen i 1724.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Adrien Maurice de Noailles