Adult contemporary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om sjangeren. For hitlista, sjå Adult Contemporary-lista.

Adult contemporary (ofte forkorta AC, tyder omtrent «den nyare tids voksen(musikk)» på norsk) er eit amerikansk musikkformat som først og fremst omfattar ballade-aktig musikk.

Radiostasjonar som spelar dette formatet rettar seg hovudsakleg mot personar mellom 25 og 54 år. Formatet omfattar ikkje sjangrane hiphop, rock, tenåringspop/R&B eller rytmiske danselåtar. I løpet av åra har det derimot oppstått undersjangrar av adult contemporary som omfattar desse sjangrane som Hot AC, Soft AC (òg kjend som Lite AC), Urban AC, Rhythmic AC, Smooth AC (til dømes smooth jazz) og Christian AC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]