Advanced Maryland Automatic Network Disk Archiver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Advanced Maryland Automatic Network Disk Archiver (AMANDA), tidlegare kalla Advanced Maryland Automatic Network Disk Archiver er systemprogramvare for å utføra sikkerheitskopiering av data[1]. Amanda køyrer på ein sentral sikkerheitskopitenar og kan ta seg av sikkerheitskopieringa frå fleire klientmaskinar (arbeidsstasjonar, tenarar, osb.) i eit netverk. Klientmaskinane kan nytta ulike operativsystem, som Linux, Unix, OS X, Microsoft Windows (via Samba eller ein Windows-klient), osb. Amanda kan konfigurerast til å nytta magnetband, platelager, eller ulike former for fjernlagring. Sikkerheitskopiane vert lagra som dumpfiler, som på dei fleste system er komrimerte. Amanda er eit avansert system og krev ein god del konfigurasjon. Det høver difor best for store installasjonar, som har administratorar til å ta seg av konfigurasjon og drift.

Refansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.