Adventfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adventfjorden med Operafjellet på andre sida.
Foto: Meteorologisk Institutt

Adventfjorden er ein fjord på øya Spitsbergen, som høyrer til øygruppa Svalbard. Adventfjorden er ein sidefjord på sørsida av og om lag midt i Isfjorden. Adventfjorden er om lag sju km lang og 3–5 km brei. Inst på sørvestsida av fjorden ligg administrasjonssenteret for øygruppa, Longyearbyen, med flyplass og delar av gruveanlegga til Store Norske Spitsbergen Kulkompani.

Namnet er ei forvansking av Adventure Bay, sannsynlegvis etter den engelske kvalfangstbåten «Adventure» som var stasjonert i Isfjorden i 1656. Fjorden var i gammal tid og kalla Billefjorden; dette namnet vert no nytta om ein annan fjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 78°15′32″N 15°36′11″E