Adventskrans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adventskrans med tre tende lys.
Foto: Niklas Nordblad

Adventskransen er ein lysestake med plass til fire eller fleire stearinlys eller noko som liknar. Tradisjonelt tenner ein eitt lys for kvar sundag i advent. Skikken tok til i Tyskland på 1800-talet, og kan minna om den jødiske bruken av hanukkijá. I moderne tid har ein også teke i bruk adventslysestakar med elektriske lys som kan vera på i heile adventstida.

Tysk advenstkrans med 24+4 lys.
Adventskrans frå ein blomebutikk, sett ovanfrå.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk var det vanleg å pynta med kransar til mange ulike høgtider i Europa. I den gradvis tende adventskransen finn ein også trekk som minner om den jødiske tradisjonen med å tenna eitt lys for kvar dag av hanukká i ein spesiell åttearma lysestake.

Adventslystenninga byrja truleg på ein barneheim i Hamburg, der presten og indremisjonsgrunnleggjaren Johann Hinrich Wichern laga ein slik i 1839 eller 1848. Denne kransen hadde heile 28 lys, 24 små raude og 4 store kvite. Kvar dag tende ein unge eit nytt lys i samband med gudstenestane til presten. Lyskransen skal ha vore pynta med greiner frå bartre. Bruken av adventskransen spreidde seg, først i Tyskland, og i løpet av 1900-talet til andre land.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Katolsk adventskrans med tre lilla og eitt rosa lys.
Adventslysestake med lys i midten, sett opp for ei adventsfeiring med 6 veker.

Lysestaken kan ha mange ulike utformingar, han kan vera av metall, steintøy, tre eller deig og kan ha pynt av til dømes band eller bar frå tre. Han er ofte ringforma med lysa plasserte jamt frå kvarandre, men kan også vera rett, med lysa på rekke. Nokre kransar har eit siste lys som gjerne står i midten av kransen og blir tend på julaftan eller juledag.

Fargen på lysa kan variera. Det er vanleg å følgja liturgiske fargar, men i nyare tid har ein teke i bruk ei rekke andre fargar. I mange protestantiske tradisjonar har ein gjerne lillafarga lys i staken under advent og raude eller kvite lys til jul. I katolsk tradisjon har ein tre lilla og eitt rosa lys. Nokre anglikanarar, metodistar og lutheranarar bruker blåe eller kvite lys i staden for lilla.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Opphengt adventskrans i ei tysk kyrkje.

Ein tenner vanlegvis det første lyset på første sundagen i advent og det første og andre på den andre sundagen, slik at alle lysa er tende på den fjerde sundagen. Det er vanleg å framføra ein song eller eit dikt i samband med tenninga, ofte første verset saman med det første lyset, andre med det andre, og så bortetter.

Adventskransen blir brukt i kyrkjer under adventsgudstenestar, i heimar og i nokre offentlege rom. Ein kan henga han frå taket, men det er i dag vanlegare å ha ein stake som står på eit bord. Elektriske adventslysestakar blir som regel sett i eit vindauge som del av julepynten elles.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adventskrans
Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.