Adygia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Respublika Adygeja,
Республика Адыгея

Adyge Respublik  

Adygia sitt flagg
Adygia sitt flagg
Adygia sitt våpen
Adygia sitt våpen
Flagg Våpen
Adygia på kartet over Russland
Hovudstad Majkop
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 81.

7 600 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 74.

ca. 440 400[1] (2010)
ca. 57,9/km²

Føderalt distrikt Sørlege
Økonomisk region Nord-Kaukasus
Regionsnummer 01
Offisielt språk Russisk, adygisk
President Aslantsjerij Tkhakusjinov
Nasjonalsong Hymna åt Adygia
Tidssone UTC +0300

Adygia eller Adygeja (russisk Адыгея Adygeja) er ein republikk i Russland og eit av dei føderale subjekta i Den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Majkop, arealet er 7600 km² og innbyggjartalet er 440 400 (2010).

Kart over Adygia

Adygia ligg i det nordvestlege Kaukasus, fullstendig omringa av Krasnodar kraj. I nord er det sletteland, i sør startar Kaukasus-fjella. Høgste punkt er fjellet Tsjugusj (3 238 m.o.h.)

61,5 % av innbyggjarane er russarar. Adygar, eit kaukasisk folkeslag, utgjer 24,3 %, armenarar 3,5 %, ukrainarar 1,3 % og kurdarar 1,0 %.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landskap i Adygia.

Adygane er nært beslekta med dei andre kaukasiske folkeslaga kabardinar og tsjerkessarar. Historisk har alle desse tre folkeslaga vore kjent som tsjerkessarar. Frå 1557 av hadde adygane hatt venlege forbindelsar med Russland. På slutten av 1700-talet starta den russiske ekspansjonen sørover mot Kaukasus. I løpet av dei påfylgjande krigane, spesielt i perioden 1859 - 1864, utvandra store mengder adygar til det osmanske riket eller vart tvangsdeporterte. Byen Majkop vart grunnlagd i 1857 som russisk festning. Etter den russiske revolusjonen var Adygia frå hausten 1918 til mars 1920 i hendene på kontrarevolusjonære styrkar (kvitegardistar). I 1922 vart det adygiske autonome området oppretta. Frå august 1942 til februar 1943 var området okkupert av tyskarane.

Med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Republikken Adygia oppretta som ein del av den russiske føderasjonen. Khazret Sovmen har vore president sidan 2002. Han, og fleirtalet av resten av makteliten i Adygia er adygar. Som reaksjon på dette har det vorte oppretta ein organisasjon som kallar seg Unionen av Slavarar, som hevdar at etniske russarar vert diskriminerte i Adygia. Dei arbeider for at Adygia skal slåast saman med Krasnodar kraj, men har førebels ikkje fått gjennomslag for dette blant makthavarane i Moskva.

Ved parlamentsvalet i Adygia 13. desember 2006 vart Sameint Russland det klart største partiet, medan Kommunistpartiet vart nest størst.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Adygia

Republikken sine offisielle heimesider på russisk Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine.
Kommersant artikkel på engelsk
Artikkel frå NUPI