Aeneas Mackintosh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aeneas Mackintosh

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 1. juli 1879
Tirhut division
Død

8. mai 1916 (36 år)
McMurdo Sound

Yrke oppdagar, sjøfolk, Merchant Navy officer
Språk engelsk
Far Alexander Mackintosh
Mor Annie Berkeley
Ektefelle Gladys Campbell
Aeneas Mackintosh på Commons
Aeneas Mackintosh rundt 1907.

Aeneas Lionel Acton Mackintosh (1. juli 18798. mai 1916) var ein britisk sjøoffiser i handelsflåten. Han deltok i fleire antarktisekspedisjonar, og var leiar for Rosshavsgruppa (Ross Sea Party) under Endurance-ekspedisjonen til Ernest Shackleton (1914–1917). Oppgåva til Rosshavsgruppa var å støtta den planlagde marsjen til Shackleton over det antarktiske kontinentet gjennom å leggja ut forsyningsdepot langs den siste delen av ruta. Gruppa gjennomførte oppdraget trass i talrike hindringar og praktiske problem, men undervegd døydde tre medlemmer. Ein av dei var Mackintosh.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aeneas Mackintosh var fødd i Tirhut i Bihar i Britisk India. Faren, Alexander Mackintosh, var ein skotte som dreiv med indigodyrking. Mora, Annie Mackintosh, var engelsk og reiste med ungane tilbake til England då dei var små. Aeneas voks opp i Bedfordshire og var elev ved Bedford Modern School. Som sekstenåring drog han til sjøs.

I 1924 gifta han seg med Gladys Campbell. Dei fekk to born.

Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Mackintosh deltok for første gong på ein ekspedisjon til Antarktis som førstestyrmannNimrod-ekspedisjonen til Shackleton (1907–1909) som hadde som hovudføremål å nå Sørpolen. Kort etter at dei nådde isen fekk han ødelagd høgre auget under lossing av skipet, og han vende tilbake til New Zealand for å få medisinsk behandling. Mackintosh kom tilbake i januar 1908 for å delta i resten av ekspedisjonen. Shackleton såg han som viljesterk og besluttsom, og utnemnde han som leiar for Rosshavsgruppa i 1914.

Kart over Endurance-ekspedisjonen. Den oransje linja viser ruta til «Aurora» til Rosshavet.

Rosshavgruppa[endre | endre wikiteksten]

Rosshavgruppa var ei av to grupper som skulle bidra til den transantarktiske ekspedisjonen til Shackleton. Med skipet «Aurora» skulle dei dra til Rosshavet og leggja ut forsyningsdepot og bistå den andre gruppa, som skulle kryssa kontinentet frå Weddellhavet. Opphavleg var Mackintosh meint å vera med i den kryssande gruppa, men då fleire andre takka nei til å vera med i Rossgrupp gjekk jobben til han.

Då Mackintosh kom til Australia i oktober 1914 støtte han straks på problem. Shackleton hadde uventa halvert budsjettet for Rossgruppa, og bad Mackintosh forsøka å skaffa så mykje han kunne gratis og ta opp lån på skipet. Å få lån var vanskeleg, ettersom salet av skipet ikkje var blitt heilt fullført. Vidare var «Aurora» ikkje skikka for ei polhavsferd, og måtte vølast med hjelp, men utan godvilje, frå australske styresmakter. Fleire medlemmer i gruppa trekte seg eller blei sparka, og erstattarane deira hadde lite kjennskap til Antarktis.

Mackintosh og Spencer-Smith på sleda dregen av folk og hundar.

Tidsplanen til ekspedisjonen var noko forvirra. Shackleton hadde gjeve Mackintosh inntrykk av at han ville prøva å kryssa kontinentet i 1914-15-sesongen om mogleg. Seinare hadde Shackleton ombestemt seg, men eit telegram om dette blei aldri sendt til Mackintosh. Då «Aurora» kom fram til Cape Evans i McMurdo-sundet 16. januar 1915 trudde han at Shackleton allereie kunne vera på veg, og insisterte på å byrja depotlegginga straks. Ernest Joyce, ein erfaren antarktisfarar som seinare blei Mackintosh sin største kritikar, meinte mannskapet burde akklimatisera seg og trena først. Den første ferda blei også særs vanskeleg for den uerfarne gruppa.

Problema tårna seg opp då «Aurora» sleit seg laus frå vinterfortøyingane under ein storm og var ute av stand til å ankra opp igjen. Dette avskar dei i land frå viktige forsyningar, utstyr og personell. Trass i dette bestemte Mackintosh seg for å gjennomføra depotutlegginga i neste sesong. Ved hjelp av imporvisert utstyr frå tidlegare ekspedisjonar la ni menn i tre grupper ut over Rossbarrieren med rundt 2 300 kg forsyningar. Trass vanskane makta mennene å leggjast dei ut med jamne mellomrom fram til Mount Hope. På ferda blei Arnold Spencer-Smith sjuk av skjørbuk, og måtte fraktast på slede. Også Mackintosh gjekk dårleg, men insisterte på å fortsetja. Etterkvart måtta også han ta kvilar på sleden. Spencer-Smith døydde på isen den 9. mars. 18. mars hadde heile resten av ekspedisjonen nådd Hut Point Peninsula, på motsett side av McMurdosundet til Cape Evans.

McMurdosundet der Mackintosh og Hayward forsvann (punkt C).

18. mai forsøkte Mackintosh og Victor Hayward å kryssa sjøisen mellom Hut Point og leiren ved Cape Evans, trass åtvaringar frå dei andre. Kort tid etter at dei hadde drege byrja ein snøstorm. Etter stormen fann dei gjenverande medlemmene spor etter dei fram til ei stor sprekk i isen. Lika blei aldri funne. Ein gjekk ut frå at dei hadde falle gjennom isen, eller at isen dei gjekk på hadde blese til havs.

Kross reist på Cape Evans av Rosshavsgruppa til minne om dei tre døde ekspedisjonsmedlemmene.

Eigenskapene til Mackintosh som leiar og polfarar er omdiskuterte i ettertid. Shackleton sjølv roste arbeidet til Mackintosh og gruppa hans, og samanlikna liva som gjekk tapt med skyttargravofra i første verdskrigen. Samtidig var han kritisk til Mackintosh sine organisatoriske evner. Av Rossgruppa gav to medlemmer ut skildringar: Ernest Joyce si var særs kritisk, medan Dick Richards si var meir nøktern.

Det er likevel verdt å merka seg at av dei to gruppene til ekspedisjonen var det Rossgruppa som klarte å fullføra oppdraget sitt. Ernest Shackleton og gurppa på «Endurance» var blitt sitjande fast i pakkisen og kom seg ikkje i land på Antarktika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]