Aero Airlines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aero Airlines var eit estisk dotterselskap til det finske flyselskapet Finnair. Dei dreiv all flyging i ein codeshareavtal med Finnair, og dei flaug med flytypen ATR 72. Namnet på føretaket kjem frå det gamle namnet på Finnair, Aero Oy.

Sommaren 2007 avgjorde eigaren til Aero, Finnair, at ein skulle selje fire ATR 72, og dei hadde deretter berre tre att som skulle fly frå Helsinki til Åbo, Tammerfors og Tallinn. Ifølgje Finnair var ATR-flya i god stand, sjølv om dei var frå 1989.[1]

6. januar 2008 slutta Aero Airlines å fly og flyselskapet vart lagt ned. Dei tre siste flya fekk nye eigarar. Finnair og Finncomm Airlines erstatta trafikken.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]