Aerodrome Flight Information Service

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aerodrome Flight Information Service (AFIS) er ei teneste utført på ukontrollerte flyplassar. I Noreg gjeld dette til dømes Molde, Leknes og Svalbard. At flyplassen er ukontrollert vil seie at det ikkje er flygeleiarar til stades i tårnet for å kontrollere flytrafikken, men ein AFIS-fullmektig som held oversikt over annan trafikk, vindretning, tilhøva på rullebane (kor glatt ho er eller om det er vått) og eventuelt anna som kan påverke trafikken (til dømes fugleaktivitet). Ut i frå dei opplysningane flygaren får frå AFIS-fullmektigen avgjer han om han skal lande (starte), vente eller avbryte landing (eller avgang).