Afek i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Afek
landsby
Land  Israel
Region Zevulundalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°50′19.67″N 35°7′40.8″E / 32.8387972°N 35.128000°E / 32.8387972; 35.128000
Folketal 509  (2011)[1]
Grunnlagd 1935 (som Plugot HaYam)
 - grunnlagd 1 1938 (som Mishmar HaYam)
 - grunnlagd 2 1947 (noverande plassering)
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Afek i Israel
32°50′20″N 35°07′41″E / 32.838797222222°N 35.128°E / 32.838797222222; 35.128
Wikimedia Commons: Afek

Afek (אֲפֵק) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Zevulundalen vest i Galilea, nær den arkeologiske staden Tel Afek og byområdet HaKerayot, og høyrer til Mateh Asher. I 2011 hadde han eit folketal på 509.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart opphavleg grunnlagd i 1935 som Plugat HaYam (פלוגת הים, tyder Havkompaniet) på sandynene nær dagens Kiryat Haim, med målet om å få arbeid i hamna i Haifa. I 1938 vart kibbutzen flytta til kysten i området kring Akko som ein «tårn- og palisade-busetjing», og vart kalla Mishmar HaYam (משמר הים, tyder Havvakta). I 1947 vart landsbyen igjen flytta, no til den noverande palsseringa. Denne låg litt inn i landet på det same jordbruksområdet, og dei valde å gje seg med fiske og heller konsentrere seg med jordbruk. Namnet kom frå den nærliggande Tel Afek, som kan ha vore staden der den bibelske Afek låg (Josva 19:30).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israel Central Bureau of Statistics. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 8. mars 2015.