Affonso I av Kongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kong Affonso I (ca. 14551543), med det innfødde namnet Mvemba Nzinga eller Mbema a Nzinga, var manikongo over kongedømmet Kongo frå om lag 1506 til 1545. Han var son av manikongo Mzinga Kuwu, og tok det portugisiske namnet sitt når han vart døypt til den katolske kyrkja av portugisiske misjonærar i 1491.

Saman med brørne sine vart han sendt til Portugal for å få utdanning, der han var i 10 år. Etter at han vart konge, gjorde han den katolske kristendommen til statsreligion og jobba mykje for å omvenda folket sitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]