Afghanteppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå afghansk.
Eit hjørne av eit afghanteppe.

Afghanteppe eller berre afghan er ein type handknytta teppe frå Afghanistan. Teppa er kjenneteikna av ein raud eller raudbrun bakgrunnsfarge og geometriske mønster. Teppa er laga av ull frå karakulsau, som gjer dei fine og tette. Tradisjonelt blei teppa laga av handspunnen ull og farga med plantefargar, særleg frå krapprot. Moderne teppe blir som regel laga av maskinspunnen ull og syntetisk farga.

Tradisjonelle afghanske område for teppeknyting er i nordvest, der Herat, Andkhoy og Mazar-i Sharif er viktige handelsbyar. I nyare tid har mange teppehandlarar også slått seg ned i Peshawar i Pakistan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«afghan» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne kulturartikkelen som har med Afghanistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.