Afqa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 34°4′9″ N 35°53′10″ E
Afqa
Apheca, Afeca, Afka
landsby
none  Afqa-grotta
Afqa-grotta
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Jbeil distrikt
høgd 1 200 moh
koordinatar 34°4′9″ N 35°53′10″ E
Areal 9,34 km²
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Afqa eller Afka er ein landsby og kommune som ligg i Jbeil distrikt i Libanonfjella guvernement, 71 km nordaust for Beirut i Libanon.[1][2]

I antikken vart han kalla Apheca eller Afeka, som kan tolkast som «kjelde»,[3] ligg i fjella i Libanon, kring 20 km frå den antikke byen Byblos, som framleis ligg like aust for byen Qartaba.[4] ein av dei flottaste fossane i Midtausten ligg her,[5] i Adoniselva (i dag kalla Abrahamelva eller Nahr Ibrahim på arabisk),[6] som dannar Yammounesjøen, som er knytt til ei segn.[7]

I gresk mytologi vart Adonis fødd og døydde ved foten av fossen i Afqa. Ruinane av det hylla tempelet til Afrodite Afakitis— Afrodite-guden som var særeigen for denne staden—[8] ligg der.[6] Sir Richard Francis Burton og Sir James Frazer tileignar òg tempelet i Afqa til Astarte eller Ishtar (Ashtaroth).[9][10] Afqa ligg mellom Baalbek og Byblos, og peikar mot solnedgang ved sommarsolkverv i Middelhavet. Det er frå Byblos at segna vart fortalt om ei mytisk ark som kom til lands med leivningane etter Osiris. Arka vart sitjande fast i ei myr fram til Isis fann ho og bar ho attende til Egypt.[11]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fossen i Afqa er kjelda til Adoniselva og flyt over ei 200 meter høg klippe som dannar eit enormt, naturleg amfiteater.[4] Elva spring ut frå ei stor kalksteinsgrotte i klippeveggen med smeltevatn frå fjella.[4]

Det låg eit stort og gammalt tempel her, der rituell prostitusjon vart praktisert fram til Konstantin si tid.[12] Sir James Frazer meiner det var kong Cinyras som bygde tempelet, som var sagt å ha grunnlagd det for Afrodite.[10] Det vart påbygd i hellenistisk tid av keisar Konstantin den store på 300-talet,[13] og vart delvis bygd om av den seinare keisaren, Julian den fråfalne.[4] Staden vart til slutt frå flytta under regjeringstida til Theodosius I.[4] Massive blokker og fine søyler av syenitt markerer staden på ein terrase som vender mot kjelda til elva.[10] Ruinane av ein romersk akvedukt som førte vatn frå Adoniselva til innbyggjarane i Jebail.[4]

Edward Robinson og Eli Smith slo leir ved staden i 1852 og skreiv berre «formlause ruinar» og vanskane med å transportere to massive søyler av syneitt-granitt.[14] Sir James Frazer skildra landsbyen ved Afqa i boka hans frå 1922, The Golden Bough som

"...ein ynkeleg landsby som framleis ber namnet Afqa øvst i den ville, romantiske og skogkledde Adonisdalen. Grensa ligg mellom lundar av valnøttre. Litt bortafor strøymer elva ut av ei grotte ved foten av eit mektig amfi av stupbratte klipper , og stuper ned i rekkje kaskadar og ned i skaret. Jo djupapre han fell, dess høgare og tettare veks vegetasjonen, og det spirer frå sprekkene i klippene som dannar eit grønt teppe over dei buldrande straumane i den enorme kløfta under. Det er noko deilig, nesten rusande, i dette friske, tromlande vatnet, i denne søte, reine fjellufta, i det grøne, frodige landskapet.[10]

Libanonkrigen i 2006[endre | endre wikiteksten]

Under Libanonkrigen i 2006, var Afqabrua, som knyt Libanonfjella til Beqaadalen ei av fem bruer som vart øydelagd av israeleske jetfly.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul Doyle, Jr (1. mars 2012). Bradt Travel Guide Lebanon. Bradt Travel Guides. ss. 148–. ISBN 978-1-84162-370-2. 
  2. Stefan Winter (11. mars 2010). The Shiites of Libanon under Ottoman Rule, 1516-1788. Cambridge University Press. ss. 68–. ISBN 978-0-521-76584-8. 
  3. Srarcky, «Récentes découvertes à Palmyre», Syria 25.3/4 (1946/48), s 335.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 «Afka Falls i Libanon». SpeleoPhilately.com. http://www.speleophilately.com/Articles/Asia/Libanon/AfkaFallsInLibanon.html. Henta 10. juli 2014. 
  5. «Damascus and Lebanon». Travel Web Site. http://web.archive.org/web/20111002152409/http://travel-web-site.net/content/view/25/. Henta 10. juli 2014. 
  6. 6,0 6,1 «Tammuz». The International Standard Bible Encyclopedia. Arkivert frå originalen den 4. november 2007. http://www.searchgodsword.org/enc/isb/view.cgi?number=T8597. Henta 10. juli 2014. 
  7. W. F. Albright (September 1956). «El in the Ugaritic Texts». Journal of Biblical Literature 75, No. 3 (3): 255–257. JSTOR 3261938. 
  8. Daniel Kercker and Willy Zschietzchmann, Römische Tempel in Syrien (Arch. institut des deutschen Reiches, Berlin/Leipzig) 1938; R.D., 21. 3/4 (1940) s.347.
  9. Sir Richard Francis Burton (1885). «"Terminal Essay" (i omsetjinga hans av The Arabian Nights». People with a History. Arkivert frå originalen den 24. oktober 2007. http://www.fordham.edu/halsall/pwh/index.html. Henta 10. juli 2014. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Sir James George Frazer (1922). «"Adonis in Syria" in The Golden Bough». Bartleby.com. Arkivert frå originalen den 14. desember 2007. http://www.bartleby.com/196/77.html. Henta 10. juli 2014. 
  11. J. G. R. Forlong (1. februar 2003). Encyclopedia of Religions Or Faiths of Man 1906. Kessinger Publishing. ss. 23–. ISBN 978-0-7661-4307-4. 
  12. Sokrates frå Konstantinopel, Eccles. Historia, i. 18.
  13. Eusebius, Vita Constantina, iii. 55.
  14. Edward Robinson and Eli Smith, «Outlines of a Journey in Palestine in 1852» Journal of the Royal Geographical Society of London 24 (1854:1-35) s. 35.
  15. Higher Relief Committee (5. august 2006). «Daily Situation Report». Lebanon Under Siege. http://webcache.googleusercontent.com/search?q=cache:NquJqh_QgU0J:www.lebanonundersiege.gov.lb/images_Browse/00000187_HRC%2520Situation%2520Report.doc. Henta 10. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]