Afroasiatiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser utbreiinga av afroasiatiske språk (markert i gult)

Afroasiatiske språk er ein språkfamilie som inneheld om lag 240 språk tala av i alt kring 285 millionar menneske i Nord-Afrika, Aust-Afrika, Sahel-beltet og Sørvest-Asia. Andre namn som òg blir bruka på denne språkfamilien inkluderer «afrasisk», «hamittisk-semittisk» (forelda), «lisramisk» (Hodge 1972) og «erythreisk» (Tucker 1966). Blant kjende afroasiatiske språk kan nemnast arabisk, hebraisk, somali og hausa.

Inndeling i underfamiliar[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser undergruppene av afroasiatisk.
Bokstaven Z (yaz) i tifinaghalfabetet, som symboliserer imazighenfolket, på ein vegg. Tifinagh er eit tamazightisk språk.

Språkfamilien har desse underfamiliane:

Ongota-språket blir ofte rekna som afroasiatisk, men det er ikkje semje om korleis det skal klassifiserast innanfor undergruppene av afroasiatiske språk — delvis på grunn av utilstrekkjelege data. Harold Fleming føreslår med atterhald at ongota-språket kan vera ei uavhengig grein innanfor dei afroasiatiske språka.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Dei afroasiatiske språka kan ha opphav i Etiopia. Biletet er frå ein bar i Nord-Etiopia.
Foto: Meg og Rahul

Forskarane er ikkje einige om kvar proto-afroasiatisk vart tala. Afrika har ofte blitt føreslege (t.d. Igor Diakonoff, Lionel Bender) — særleg Etiopia på grunn av det store mangfaldet av afroasiatiske språk der, men vestkysten av Raudehavet og Sahara har òg vorte føreslegne (t.d. Christopher Ehret). Alexander Militarev føreslår at heimlandet deira kan ha vore i Levanten, og meir spesifikt at dei kan setjast i samband med natufiakulturen.

Dei semittiske språka er den einaste underfamilien av afroasiatiske språk som er basert utanom Afrika. Kring slutten av forhistorisk tid kryssa nokre semittisk grupper Raudehavet frå sørenden av Den arabiske halvøya attende til Etiopia. Desse gruppene var årsaka til at nokre moderne etiopiske språk (t.d. amharisk) er semittiske snarare enn kusjittiske eller omotiske, som ein elles skulle vente. Eit mindretal blant forskarane, slik som A. Murtonen (1967), avviser synet og har som hypotese at semittiske språk har opphavet sitt i Etiopia.

Fellestrekk ved afroasiatiske språk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Ordrøter[endre | endre wikiteksten]

  • b-n- ‘byggje’ (Ehret: *bĭn), påvist i tsjadspråk, semittisk (*bny), kusjittisk (*mĭn/*măn ‘hus’) og omotisk (dime bin- ‘byggje, skapa’);
  • m-t ‘døy’ (Ehret: *maaw), påvist i tsjadspråk (t.d. hausa mutu), egyptisk (mwt, mt, koptisk mu), tamazightiske språk (mmet, pr. yemmut), semittisk (*mwt) og kusjittisk (proto-somali *umaaw/*-am-w(t)- «døy»)
  • s-n ‘vita’, påvist i tsjadspråk, tamazightiske språk og egyptisk;
  • l-s ‘tunge’ (Ehret: *lis’ ‘å sleikje’), påvist i semittisk (*lasaan/lisaan), egyptisk (ns, koptisk las), tamazightiske språk (iles), tsjadspråk (t.d. hausa harshe), og kanskje òg omotisk (dime lits'- ‘sleikje’);
  • s-m ‘namn’ (Ehret: *sŭm / *sĭm), påvist i semittisk (*sm), tamazightiske språk (isem), tsjadspråk (t.d. hausa suna), kusjittisk og omotisk (sjølv om den tamazightiske språk-forma, isem, og den omotiske forma, sunts, av nokre heller blir rekna som semittiske lånord). Det egyptiske smi ‘rapportere, annonsere’ kan tenkjast å vera av same rota.
  • d-m ‘blod’ (Ehret: *dîm / *dâm), påvist i tamazightiske språk (idammen), semittisk (*dam), tsjadspråk og rimelegvis òg omotisk. Kusjittisk *dîm/*dâm, ‘raud’, er kanskje òg av same rota.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Verbbøying[endre | endre wikiteksten]

I verbsystemet viser både semittisk, tamazightiske språk og kusjittisk (inkl. beja) prov på afroasiatisk prefiksbøying:

Norsk Standardarabisk (semittisk) Kabyle (berber) Saho (kusjittisk; verb «drepa») Beja (verb «komma»)
han døyr yamuutu yemmut yagdifé iktim
ho døyr tamuutu temmut yagdifé tiktim
dei (m.) døyr yamuutuuna mmuten yagdifín iktimna
du (m.sg.) døyr tamuutu temmuteḍ tagdifé tiktima
de (m. pl.) døyr tamuutuuna temmutem tagdifín tiktimna
eg døyr ˀamuutu mmuteγ agdifé aktim
vi døyr namuutu nemmut nagdifé niktim

Eit kausativt affiks s er vanleg, men finst òg i andre grupper, slik som i Niger-Kongo-språka.

Pronominale endingar[endre | endre wikiteksten]

Pronominale endingar i possessive pronomen finst i semittisk, tamazightiske språk, kusjittisk (inkl. beja) og tsjadspråk.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

  • Hovudsakleg VSO-typologi (det vil seie Verb-Subjekt-Objekt), med tendensar til SVO.

Klassifikasjonshistorie[endre | endre wikiteksten]

800-talet: Hebraisk grammatikar ser slektskap mellom semittiske og tamazightiske språk[endre | endre wikiteksten]

Nokre lærde i mellomalderen hevda slektskap mellom to eller fleire greiner av afroasiatiske språk. Allereie på 800-talet såg den hebraiske grammatikaren Yehuda ibn Quraysh frå Tiaret i Algerie eit samband mellom dei tamazightiske språka og semittisk — av dei sistnemnde hadde han godt kjennskap til arabisk, hebraisk og arameisk.

1800-talet: Europearar tek opp att idéen, og inkluderer kusjittisk[endre | endre wikiteksten]

1800-talet byrja europearar òg å setja fram teoriar om slektskap mellom desse språkgruppene. I 1844 postulerte Th. Benfey ein språkfamilie som inneheldt semittisk, tamazightiske språk og kusjittisk (dei sistnemnde kalla han «etiopisk»). same året postulerte T. N. Newman slektskap mellom semittisk og hausa, men dette kom til å vera omdiskutert og usikkert i lang tid. Den såkalla hamittisk-semittiske språkfamilien fekk dette namnet av Friedrich Müller i hans bok Grundriss der Sprachwissenschaft (1876). Der definerte Müller denne språkfamilien som todelt, med semittiske språk på den eine sida og «hamittiske språk», der han inkluderte egyptisk, tamazightiske språk og kusjittiske språk. Tsjadspråka var ikkje inkluderte. Denne klassifikasjonen var tildels basert på utanomspråklege faktorar som antropologi og raseteoriar.

1900-talet: Tsjadspråka blir inkluderte[endre | endre wikiteksten]

Leo Reinisch (1909) postulerte eit samband mellom kusjittiske språk og tsjadspråk, men insisterte på eit fjernare slektskap med egyptisk og semittisk — som Greenberg seinare òg kom til å hevde; men forslaget hans vart stort sett ignorert. Marcel Cohen (1947) avviste idéen om ei aiga «hamittisk» undergruppe, og inkluderte òg tsjadspråket hausa i det samanliknande hamittisk-semittiske ordmaterialet sitt. Joseph H. Greenberg (1950) gjekk sterkt ut i forsvar av Cohens avvising av «hamittisk», la til (og klassifiserte) tsjadspråka og føreslo det nye namnet afroasiatisk for denne språkfamilien. Klassifiseringa hans vart stort sett allment akseptert. I 1969 føreslo Harold Fleming å rekne omotiske språk som ei femte hovudgrein heller enn, som tidlegare anteke, som ei undergruppe av kusjittisk. Dette er òg allment godteke. Fleire forskarar, inkludert Harold Fleming, har seinare sett spørsmålsteikn ved det tradisjonelle synet at beja høyrer inn under kusjittisk — men dette synet er enno ikkje allment akseptert.

Frå 1980-talet: Full usemje om klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Forskarane har ulike syn på korleis dei fem eller seks greinene av afroasiatiske språk skal klassifiserast. Når det gjeld omotisk, så er både Christopher Ehret (1979), Harold Fleming (1981) og Joseph H. Greenberg (1981) einige om at dette var den første greina som byrja å skilje seg ut frå dei andre språka. Ellers slår Ehret saman egyptisk, berberspråk og semittisk i ei nord-afroasiatisk undergruppe; Paul Newman (1980) grupperer tamazightiske språk med tsjadspråk og egyptisk med semittisk, men avviser slektskapet med omotisk; Fleming grupperer beja, tsjadspråk, tamazightiske språk og egyptisk i éi hovudgruppe og kusjittisk og semittisk i den andre; og Lionel Bender (1997) er talsmann for ei «stor-kusjittisk» gruppe som inkluderer tamazightiske språk, kusjittisk og semittisk, mens han reknar tsjadspråk og omotisk som fjernare slektningar av dei andre språkgruppene. Vladimir Orel og Olga Stolbova (1995) grupperer tamazightiske språk saman med semittisk, og tsjadspråk saman med egyptisk, og deler kusjittiske språk inn i fem eller fleire uavhengige underfamiliar av afroasiatisk. Desse «kusjittiske» språka ser han slik meir som eit «Sprachbund» enn som ein einskapleg underfamilie. Med basis i leksikalsk statistikk grupperer Alexander Militarev (2000) tamazightiske språk saman med tsjadspråk og båe desse, noko fjernare, saman med semittisk; alle desse språka grupperer han så saman i éi hovudgruppe i motsetnad til kusjittisk og omotisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Viktige kjelder for afroasiatisk etymologi[endre | endre wikiteksten]

  • Marcel Cohen, Essai comparatif sur la vocabulaire et la phonétique du chamito-sémitique, Champion, Paris 1947.
  • Igor M. Diakonoff et al., «Historical-Comparative Vocabulary of Afrasian», St. Petersburg Journal of African Studies Nos. 2-6, 1993-7.
  • Christopher Ehret. Reconstructing Proto-Afroasiatic (Proto-Afrasian): Vowels, Tone, Consonants, and Vocabulary (University of California Publications in Linguistics 126), California, Berkeley 1996.
  • Vladimir E. Orel and Olga V. Stolbova, Hamito-Semitic Etymological Dictionary: Materials for a Reconstruction, Brill, Leiden 1995

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bernd Heine and Derek Nurse, African Languages, Cambridge University Press, 2000 (Kap. 4).
  • Merritt Ruhlen, A Guide to the World's Languages, Stanford University Press, Stanford 1991.
  • Lionel Bender et al., Selected Comparative-Historical Afro-Asiatic Studies in Memory of Igor M. Diakonoff, LINCOM 2003.
  • Ethnologue
  • Russell G. Schuh, Chadic Overview.
  • African Language History (pdf), Roger Blench

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]