Aftan- og morgonraude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bangkok ved aftanrøde.

Aftanraude og morgonraude er den raude fargen som sola, himmelen og skyene omkring av og til får ved og etter solnedgang (aftanraude) og soloppgang (morgonraude). Dette skuldast av dei lysstrålene som har minst bølgjelengd (dei fiolette og blå) blir mest spreidd i atmosfæren. Jo lågare sola står, dess tettare er dei laga i atmosfæren som lysstrålene må passere, og det raude lyset, som har størt bølgjelengd, vil då dominere.

Etter utbrotet av vulkanen Krakatoa i 1883, vart det observert ei rekkje merkverdige, raude solnedgangar verda over. Dette kom av store mengder fint støv som vart kasta høgt opp i atmosfæren av vulkaneksplosjonen og spreidd jorda rundt. Edvard Munch-måleriet Skriket syner kanskje til aftanraude som oppstod i denne perioden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aftan- og morgonraude