Agístri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Agístri Lokalt namn: Αγκίστρι |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Saroniabukta i Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Dei saroniske øyane |
| Areal | 13,37 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Attikí Øyane |
| Demografi | |
| Folketal | 920 (2001) |
| Folketettleik | 69 /km² |
Agístri (gresk Αγκίστρι), òg kalla Angistri, Ankistri og Agkistri, er ei lita øy i Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas. Ho er dekka av furuskog og er berre eit par kilometer på tvers.
Busetnadar [endre]
Det er berre tre busetnadar på Agístri - Mýlos, Skála og Limenária. Mýlos er den største landsbyen der dei fleste innbyggjarane bur. Skála ligg tjue minuttar unna til fots, og det er her dei fleste turisthotella er. Limenária er ein svært liten landsby på den andre sida av øya med lite turisme.
Plassering [endre]
Agístri ligg nær den større saroniske øya Éjina. Herfrå kan ein nå øya med båt på berre ti minutt. Øya ligg ein times båttur frå Pireus.
|
|
||
|---|---|---|
|
Salamína • Psyttália • Éjina • Agístri • Póros • Ýdra • Dokós • Spétses • Spetsopoúla |
||