Aga Burjatia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aginskij Burjatskij avtonomnyj okrug
Agyn Burjaadaj avtonomito okrug (pr. 1. mars 2008)
Aga Burjatia sitt flagg
Aga Burjatia sitt våpen
Flagg Våpen
Aga Burjatia på kartet over Russland
Hovudstad Aginskoje
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 78.

19 300 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 83.

ca. 73 500 (2005)
ca. 3,8/km²

Føderalt distrikt Sibir
Økonomisk region Aust-Sibir
Regionsnummer 80
Offisielt språk Russisk, Burjatisk
Guvernør Bair Bajaskhalanovitsj Zjamsujev
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0900
Aga Buryatia.png

Aga Burjatia (russisk Агинский Бурятский автономный округ, burjatisk Агын Буряадай автономито округ) var eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det var del av Tsjita oblast, men samstundes eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Aginskoje, arealet var 19 300 km² og innbyggjartalet var 73 500 (2005). Den 1. mars 2008 vart distriktet slått saman med Tsjita oblast og danna det nye territoriet Zabajkalskij kraj.

Aga Burjatia var fullstendig omslutta av Tsjita oblast, sør i Sibir, nær grensa til Mongolia. Området er berglendt, høgste punktet er fjellet Alkhanaj, 1663 meter over havet. Om lag 30 % av arealet er skogkledd. Klimaet er kontinentalt, med kalde vintrar og varme somrar. Middeltemperaturen i januar er frå - 22 til - 26 grader celsius, i juli + 18 til + 20 grader celsius.

Aga Burjatia har ingen stader med bystatus. Ved folketeljinga i 2002 var fleirtalet burjatar (62,5 %). Russarar utgjorde 35,1 % av folketalet.

Burjatane, eit mongolsk folkeslag, vart underlagt russisk herredøme i 1648. Busetjinga Aginskoje vart grunnlagd i 1781. Etter den russiske revolusjonen i 1917 var det kampar mellom sovjetiske og "kvite" styrkar i området. Sovjetmakta vart etablert i 1920. Det autonome distriktet vart oppretta 26. september 1937. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Aga Burjatia eit russisk føderasjonssubjekt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]