Agat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Agat | |
Agat med striper (agatliknande onyx); prøven er 2,5 cm brei |
|
| Generelt | |
|---|---|
| Kategori | Kvartsvariant |
| Kjemisk formel | SiO2 silisiumdioksid |
| Identifikasjon | |
| Farge | Kvit til grå, lysblå, oransje til raud, svart. Stripete |
| Krystallform (habit) | Kryptokrystallinsk kisel |
| Krystallsystem | Romboedrisk mikrokrystallin |
| Kløyv | Ingen |
| Brot | Muslig med særs skarpe kantar |
| Mohs hardleiksskala | 6,5-7 |
| Strekfarge | Kvit |
| Spesifikk vekt | 2,58-2,64 |
| Optiske eigenskapar | |
| Brytingsindeks | 1,530-1,540 |
| Pleokroisme | Fråverande |
Agat er ein halvedelstein og ein kryptokrystallinsk variant av mineralet kvarts (Kalsedon) i tynne parallelle ulikfarga sjikt, som dannar konsentriske eller uregelbundne mønster. Agat kan òg vere einsfarga, og mineralet kan vere transparent eller ugjennomskinneleg.
Namnet kjem från Achtes, ei elv i Sicilia. I dag vinn ein ut mineralet i mellom anna Brasil, India, Egypt, Skottland og Uruguay.
Agat vert bruka til smykkesteinar, men sidan mineralet er hardt og seigt, vert det òg brukt i mortarar og tilsvarande bruksgjenstandar.