Agathonísi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Agathonísi
Lokalt namn: Αγαθονήσι
Hovudhamna på Agathonísi
Hovudhamna på Agathonísi
Geografi
2011 Dimos Agathonisiou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°30′N 26°58′EKoordinatar: 37°30′N 26°58′E
Øygruppe Dodekanesane
Areal 14,5 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kálymnos
Største busetnad Megálo Khório (168 innb.)
Demografi
Folketal 185 (2011)
Folketettleik 12,8 /km²

Agathonísi (gresk Αγαθονήσι) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er omringa av mange mindre øyar og har to landsbyar: Megálo Khório og Mikró Khorió. Hamna på Agathonísi ligg i Ájos Jeórjos og her finn ein dei einaste hotella på øya. Øya ligg 67 km aust for Pátmos, ein båttur på om lag 2 timar og 30 minutt.

Agathonísi er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Øya går óg under andre namn som det lokale Gáidaros og det antikke namnet Tragea. Det høgaste punktet på øya er 209 meter over havet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou