Agder
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agder er landsdel i Noreg som omfattar Aust-Agder fylke og Vest-Agder fylke, òg kalla Agderfylka. Langs kysten strekkjer Agder seg frå Sira ved grensa til Rogaland fylke til Gjernestangen ved grensa til Telemark fylke. «Hovudstaten» i Agder er byen Kristiansand. Etter kvart har nemninga Sørlandet vorte teke i bruk på denne landsdelen. Agder var eigentleg eit småkongedøme ("Agðir") og seinare eit fylke ("Egða fylki") under Gulatindsloven.
Folket på Agder vert kalla egdene (aust-egdene og vest-egdene). Merk at ein seier på Agder og ikkje i Agder.
Omgrepet Agder er historisk mest bruka om kystststripa, til skilnad frå innlandsområda Råbyggelag (med Setesdal).
Tidlegare vart området rekna som ein del av Vestlandet.
Sjå òg [endre]
- Agder Flekkefjords Tidende - ei avis, som kan verta omtala som Avisa Agder, eller berre Agder
- Agder og Telemark bispedømme - tidlegare Agder bispedøme
- Agdesiden - eitt av ni hovudlen på 1600-talet