Agder og Telemark bispedømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristiansand domkyrkje
Foto: Bent Sigmund Olsen

Agder og Telemark bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja og omfattar Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder fylke. Sidan 1998 har Olav Skjevesland vore biskop i Agder og Telemark. Biskopen har sete i Kristiansand med Kristiansand domkyrkje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1125 vart Stavanger bispedømme utskilt frå Bjørgvin. Dette nye bispedømmet strekte seg langs kysten frå Haugesund i vest til Gjernestangen mellom Risør og Kragerø, seinare til og med Eidanger, i aust. I 1682 gav kongen ordre om at biskop og stiftamtmann skulle flytte frå Stavanger til Kristiansand.

Agder bispedømme med Telemark og dei to Agder-fylka som sitt område vart oppretta i 1925, ved at Stavanger og Rogaland vart utskilt som eit eige bispedømme. Frå 1. januar 2005 vart namnet endra til Agder og Telemark bispedømme.

Biskop Olav Skjevesland markerte seg språkpolitisk i 2006 då han reiste til Oslo for å søkje departementet om å sleppe pålegget om å nytte nynorsk som administrasjonsspråk i Agder og Telemark bispedømme.

Biskopar[endre | endre wikiteksten]

Prosti[endre | endre wikiteksten]

Agder og Telemark bispedømme har følgjande prosti:

Kristiansand domprosti
Mandal prosti
Lister prosti
Otredal prosti
Vest-Nedenes prosti
Aust-Nedenes prosti

Bamble prosti
Skien prosti
Aust-Telemark prosti
Vest-Telemark prosti
Arendal prosti

Fellesråd[endre | endre wikiteksten]

Bispedømmet har har følgjande fellesråd:

Porsgrunn
Skien
Notodden
Siljan
Bamble
Kragerø
Drangedal
Nome

Sauherad
Tinn
Hjartdal
Seljord
Kviteseid
Nissedal
Fyresdal
Tokke
Vinje
Risør
Grimstad
Arendal
Gjerstad
Vegårdshei
Tvedestrand

Froland
Lillesand
Birkenes
Åmli
Iveland
Evje og Hornnes
Bygland
Valle og Hylestad
Bykle
Kristiansand
Mandal
Farsund
Flekkefjord
Vennesla
Songdalen
Søgne
Marnardal
Åseral
Audnedal
Lyngdal
Hægebostad
Kvinesdal
Sirdal

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]