Agenda 21

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Agenda 21 er ein handlingsplan utvikla under SN-konferansen i Rio de Janeiro, 14. juni 1992.

Planen utgjer 40 kapittel som femner ulike emne som jorderosjon, avskoging, forørkning, klimaproblem, miljøgifter, marine ressursar, fattigdom, forbruksmønster, bustadpolitikk og helse. Agenda 21 har fått kritikk for å vera for vidløftig, men er vorte supplert av eit meir konkret dokument, Lokal Agenda 21 (LA 21). Her rettar SN seg for fyrste gong til dei millionane av lokalsamfunn i verda og ber desse ta ansvar. Bakgrunnen for LA 21 er at dei store miljøproblema utgjer summen av handlingar som er gjort i lokalsamfunna. Planen har innvigd mykje verksemd i Noreg, både i offentleg sektor og i organisasjonslivet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]