Agens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I lingvistikk blir termen agens (frå latin agere, å handle) nytta om deltakaren i situasjonen som utfører handlinga i situasjonen. Agens er også namnet til den tematiske rolla med same definisjon.

På norsk blir vanlegvis ein situasjon skildra av ein setning, handlinga av eit verb i setninga og agens av ein nomenfrase (NP). Eit døme er setninga «Pål skreiv boka», kor Pål er agens. På visse språk er agens bøygd eller markert på ein annan måte for å vise den grammatiske rolla, på japansk er f.eks. agens vanlegvis markert med affikset |ga| (hiragana: が).

Agens blir ofte samanblanda med subjekt, men dette er to ulike konsept. Agens blir definert forholdet det har til verbet, mens subjektet oftast er definert i forhold til informasjonsflyt, ordfølgje og prominens i setninga. Subjektet seier ein er grammatisk definert. Agens og subjekt kan ofte vere same ord, men det er lett å bytte om på ein setning slik at agens ikkje er subjekt. T.d. kan ein passivisere setninga nemnt ovanfor til «Boka blei skrive av Pål», no er «Boka» subjektet, medan Pål fortsett er agens, sidan Pål fortsett har same rolle i høve til verbet (men ordet «Pål» har fått ein annan grammatisk rolle i setninga).

Agensomgrepet er ganske enkelt å forstå, men notorisk vanskeleg å definere. Typiske eigenskapar ved agens er at referenten har vilje, er medviten eller kan oppfatte, forårsake endringar i ein tilstand, eller rører på seg. Lingvisten David Dowty tok med desse eigenskapane i definisjonen av ein proto-agens, og føreslo at den nominale frasen med flest eigenskapar til proto-agens og færrast eigenskapar til proto-patiens typisk vil vere agens i ein setning [1]. På den måten unngår ein å måtte velje ei viss mengd naudsyne og tilstrekkelege eigenskapar. T.d. vil setninga «Energien hans overraska alle» ha «energien hans» som agens, sjølv om referenten til denne nominale frasen ikkje har alle dei typiske agens-aktige eigenskapane i seg (oppfattingsevne, rørsle, vilje).

Ein litt nyare term som blir nytta er logisk subjekt, dette er den «mest prominente semantiske rolla» til eit verb [2], og er ofte, men ikkje alltid, det same som agens. Logisk subjekt er ein meir generell og nøytral term, og kan i ein setning utan agens t.d. referere til benefaktiv/malefaktiv, opplevar eller mål.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  1. Dowty, David. 1991. «Thematic proto-roles and argument selection». Language, 67.3:547-619
  2. Bresnan, Joan. 2001. Lexical-Functional Syntax. Oxford: Blackwell.