Agglomerat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agglomerat (USGS)

Agglomerat (frå latinsk 'agglomerare' som tyder «å forme til ein ball») er ein type bergart som består av kantete istykkersprengde steinar, som saman med oske og splintra småkorn er slynga ut av ein vulkan under eit utbrot. Steinane og småkorna er blanda inn i oska, som så har vorte ein bergart.

Monomikt agglomerat har éin type steinar og polymikt agglomerat har ulike typar steinar eller bergartsbitar. Agglomerat som oppstår gjennom forflytting av steinbitar frå vulkanutbrot med slamstraumar eller vassflaumar vert kalla vulkanske konglomerat. Dei vert kjenneteikna av at bitane ofte er vorte avrunda gjennom erosjon under forflyttinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]