Agglutinin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Agglutinin er stoff som kan få biologiske væsker til å klumpa seg, til dømes blod eller mjølk. Mange agglutinin er protein av typen lektin.

Dei best kjende agglutinina er antistoff som finst i blodplasmaen. Dei får ukjende celler — både bakteriar og andre blodtypar — til å klumpa seg saman, men angrip ikkje eigne blodceller.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]