Agnes Kittelsen
Agnes Elisabet Hilden Kittelsen (fødd 20. mai 1980) er ein norsk skodespelar frå Vågsbygd i Kristiansand. Ho har sambuar og eitt barn.
Innhaldsliste |
Karriere [endre]
Agnes Kittelsen er utdanna ved Statens teaterhøgskole, der ho vart uteksaminert i 2003. Som ein del av utdanninga deltok ho i ei moderne oppsetjing av Aladdin som amatørskodespelar i 2002.
Ho debuterte på fjernsyn i 2004 i NRK-serien Skolen, og spelte same året i kortfilmen Bagasje. Året etter hadde ho ei birolle i Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer. Hausten 2005 spelte ho ved Den Nationale Scene hovudrolla i Alice i Eventyrland.
Langfilmdebuten til Kittelsen kom med filmen Max Manus i 2008, der ho spelte Tikken Manus, kona til hovudpersonen. For denne rolla vann Kittelsen Amandaprisen for 2009 i klassen beste kvinnelege birolle.
Etter dette spelte Kittelsen i fjernsynsserien Honningfellen (2009), før ho i 2010 fekk hovudrolla i den norske komedien Sykt lykkelig, med regi av Anne Sewitsky. Ho hadde også ei rolle i fjernsynsserien Dag.
Rolleliste [endre]
- 2004: Skolen (fjernsynsserie)
- 2004: Bagasje (kortfilm)
- 2005: Alice i Eventyrland (teater)
- 2005: Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer (miniserie)
- 2006: Road Movie (kortfilm)
- 2007: Kaldt produkt (teater)
- 2008: Max Manus (film)
- 2009: Honningfellen (fjernsynsserie)
- 2010: Sykt lykkelig (film)
- 2010: Neglect (kortfilm)
- 2010: Dag (fjernsynsserie)
- 2012: Halvbroren (fjernsynsserie)
- 2012: Kon-Tiki (film)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Agnes Kittelsen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2011.