Agnolo Bronzino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agnolo Bronzino

Statsborgarskap Italia
Fødd 17. november 1503
Firenze
Død

23. november 1572 (69 år)
Firenze

Yrke kunstmålar, lyrikar, bygningstegner
Språk italiensk
Medlem av Accademia delle Arti del Disegno
Agnolo Bronzino på Commons
Ein allegori over Venus og Cupido, 1540-45
Eleonora di Toledo og sonen Giovanni, 1544-45

Agnolo di Cosimo (17. november 150323. november 1572) vanlegvis kjend som Il Bronzino eller Agnolo Bronzino, var ein italiensk manieristmålar frå Firenze. Han er kjend både som målar av portrett og av religiøse motiv.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bronzino var fødd i Firenze, og var først elev av Raffaellino del Garbo. Seinare gjekk han i lære hos Jacopo da Pontormo og vart mykje påverka av hans målestil.

Bronzino fekk i 1539 sitt fyrste oppdrag frå Medici-hoffet. Han vart sett til å lage dekorasjonar til bryllaupet mellom greven Cosimo I de' Medici og den rike Eleonora di Toledo, dottera til visekongen av Napoli. Ganske snart vart han hoffmålar for greven, noko han var det meste av si seinare levetid. Han spela elles ei viktig rolle i aktivitetane til Accademia del Disegno i Firenze, der han var stiftande medlem i 1563.

Bronzino måla portrettfigurar som kom til å ha innverknad på europeisk hoffportrettering i eit hundreår. I tillegg måla han også idealiserte portrett av fortidige poetar som Dante og Francesco Petrarca. Hans kanskje mest kjende verk er rekka av portrett av Cosimo I de' Medici, Eleonora og folk frå hoffet, som til dømes Bartolomeo Panciatichi og kona hans. Portretta av den genovesiske admiralen Andrea Doria, samt det mindre typiske måleriet av guden Neptun er også mellom hans fremste verk.

Gjennom to år, 1546-48, i Roma laga Bronzino ei rad religiøse måleri, så som Jomfru Marias oppstode. I ein del av hans religiøse måleri syner særleg elegante former, til dømes i Laurentius martyrium frå 1569. Alle dei usedvanleg forvrengte positurane i biletet kan sporast tilbake til Rafael eller Michelangelo, to målarar som Bronzino ver mykje inspirert av.

Målaren Alessandro Allori var favoritteleven hans, og Bronzino budde i Allori-familien sitt hus då han døydde i Firenze i 1572.

Bilde av Bronzino[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]