Agnostisisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Agnostisk)

Agnostisisme er ein filosofisk ståstad som har som utgangspunkt at ein ikkje kan kjenna religiøse sanningar. Termen vart lansert av Thomas Henry Huxley i 1869, og vert også brukt om religiøse tvilarar. Ordet agnostisisme kjem frå gresk a (utan) og gnosis (kunnskap).

Agnostistisme er vesensforskjellig frå sterk ateisme (også kalla positiv ateisme eller dogmatisk ateisme), som nektar for at nokon guddom eksisterer. Såkalla svak eller negativ ateisme, som berre uttrykker manglande tru i ein eller fleire guddommar kan gå saman med agnostisisme, men sistnevnte er ein meir spesifikk posisjon.

Agnostikarar kan hevda at det ikkje er mogleg å ha absolutt eller sikker spirituell kunnskap, eller at medan spirituell kunnskap kan vera mogleg er dette ein kunnskap dei sjølv manglar.

Blant kjente agnoistikarar finn ein Robert G. Ingersoll, Thomas Henry Huxley, Charles Darwin og Bertrand Russell.