Agulhas-straumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Agulhas-straumen er ein vestleg grensestraum sørvest i Det indiske havet. Han strøymer ned austkysten av Afrika frå 27 °S til 40 °S. Han er smal, rask og kraftig. Det er sagt at Agulhas er de kraftigaste vestlege grensestraumen i verdshava, sidan andre vestlege grensestraumar transporterer mindre vatn, frå Brasilstraumen med 16,2 Sverdrup) til Kuroshio på 42 Sverdrup.[1]

Fysiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Kjeldene til Agulhas-straumen er Aust-Madagaskar-straumen (25 Sverdrup), Mosamibikkstraumen (5 Sverdrup) og ein retikulert del av sjølve Agulhas-straumen (35 Sverdrup).[2] Nettotransporten av Agulhas-straumen er estimert til 100 Sv. Vatnet i Agulhas-straumen vert leia av topografien. Straumen følgjer kontinentalsokkelen frå Maputo til enden av Agulhasbanken (Kapp Agulhas). Her overgår rørslemengda til straumen virvlingsbalansen som held straumen til topografien og straumen forlet sokkelen.[3]

Tilbakebøying[endre | endre wikiteksten]

Søraust i Atlanterhavet svingar straumen tilbake i seg sjølv i Agulhas-tilbakebøyinga på grunn av vekselverknad med den kraftige Sørishavsstraumen. Dette vatnet vert Agulhas returstraum som går attende i Den indiske hav-virvelen. Det er estimert at opp mot 85 Sv av nettotransporten returnerer til Det indiske havet gjennom denne tilbakebøyinga. Resten av vatnet går inn i Den søratlantiske virvelen i Agulhas-lekkasjen. I tillegg til direkte sidestraumar, finn denne lekkasjen stad i små overflatestraumar og Agulhas-eddyar.

Agulhas-lekkasjen[endre | endre wikiteksten]

Det er estimert at så mykje som 15 Sv av vatn frå Det indiske havet renn direkte inn i Sør-Atlanteren. 10 Sv av dette er relativt varmt, salt termonklint vatn, medan dei siste 5 Sv er kaldt, lite salt Antarktisk mellomvatn. Sidan Det indiske havet er langt varmare (24-26 °C) og saltare enn vatnet i Sør-Atlanteren, er Agulhas-lekkasjen ei stor salt- og varmekjelde for Sør-Atlanter-virvelen. Denne varmefluksen trur ein medverkar til den høge fordampinga i Sør-Atlanteren, ein viktig mekanisme i den meridionale blandingssirkulasjonen. Ein liten del av Agulhas-lekkasjen går inn i Nord-Brasilstraumen, og fører vatn frå Det indiske havet inn i Den nordatlantiske subtropiske virvelen.[3]

Småstraumar[endre | endre wikiteksten]

Småstraumar i overflata er estimert til å stå for opp mot 13 % av den totale salttransporten frå Agulhas-straumen til Benguelastraumen og Den søratlantiske virvelen. På grunn av overflatedissipasjon, trur ein ikkje desse småstraumane medverkar i særleg grad til varmefluksen mellom dei to hava.[3]

Eddyar[endre | endre wikiteksten]

Den store loopen der Agulhas-straumen bøyer tilbake i seg sjølv, kan stundom bryte laus og sende ein eddy inn i Den søratlantiske virvelen. Denne «Agulhas-ringen» går inn i Benguelastraumen eller vert advektert nordvestover over Sør-Atlanteren der han møter Sørekvatorstraumen, der dei løyset seg opp i den større bakgrunnsstraumen. Desse antisyklonske varmkjernering er estimert å ha transportert 3-9 Sv kvar, og totalt tilført salt med ein rate på 2,5\cdot106 kg/s og varme med ein rate på 0,045 PW.[3]

Biologiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Eit kart som syner den midla konsentrasjonen av klorofyll a i Agulhasstraumen for 2009. Merk det næringsrike vatnet i tilbakebøyinga til Agulhas.

Primærproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Agulhas-straumen fungerer som ein konvergenssone i havet. På grunn av massebevaringa driv overflatevatnet ned, og dette fører til oppvelling av kaldt, næringsrikt vatn sør for straumen. I tillegg fører konvergensen til ein auke i planktonkonsentrasjonen i og kring Agulhas-straumen. Begge desse faktorane gjer at området har ein forsterka primærproduksjon samanlikna med omliggande havområde. Dette merkar ein særleg i tilbakebøyinga til Agulhas, der klorofyll a-konsentrasjonane er langt høgare enn i det sørlege Indiske havet og Sør-Atlanteren.[4]

Innverknaden til ringane[endre | endre wikiteksten]

Varmkjerneringar er kjend for å ha lågare primærproduksjon enn dei omliggande kalde farvatna. Auglhas-ringane er ikkje noko unntak, og er blitt observert å føre vatn med låg konsentrasjon av klorofyll a inn i Sør-Atlanteren. Ein kan òg merke seg at storleiken på planteplanktonet i Agulhas-ringane er mindreenn i dei omliggande farvatna (kring 20 µm idiameter).[4]

Agulhas-ringane er òg observert i å fjerne larver og småfisk bort frå kontinentalsokkelen. Dette fører til dårlegare ansjosfangst i Benguela-systemet om ein ring passerer gjennom fiskeriet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryden, HL., Beal, LM., Duncan, LM. (2003). «Structure and transport of the Agulhas Current and its temporal variability». Journal of Oceanography 61: 479–492. 
  2. Stramma, L. and Lutjeharms, J. (1997). «The flow field of the subtropical gyre in the South Indian Ocean into the Southeast Atlantic Ocean: a case study.». Journal of Geophysical Research 99: 14053–14070. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Siedler, G., Church, J., and Gould, J. "Ocean Circulation & Climate", Academic Press, 2001.
  4. 4,0 4,1 Mann, K.H., Lazier, J.R. "Dynamics of Marine Ecosystems", Third Edition, Blackwell Publishing, 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 30°00′S 35°00′E