Agung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Agung

Gunung Agung er er ein 3 142 meter høg stratovulkan på øya Bali i Indonesia. Vulkanfjellet er det høgste på øya. Det dominerer det ikringliggjande landskapet og påverkar verlaget. Skyene kjem inn frå vest og vert av Agung tømt for vassdamp, slik at vestsida av fjellet er frodig og grøn og austsida turr og gold.

Agung hadde fleire store utbrot i 1963-64, til saman i kring 1900 menneske omkom. Vulkanen er framleis aktiv, med eit stort og svært djupt krater som av og til spyr ut røyk og oske. Frå distanse framstår fjellet som heitt konisk, trass i at det har eit stort krater.

Frå toppen av fjellet er det mogleg å sjå toppen av Gunung Rinjani på øya Lombok, men begge fjelltoppane er ofte innhylla i skyer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]